DET ER SNART 17. MAI17. mai nærmar seg. FAU har lagt ut oppgåvefordeling
mellom klassane under "Heim - skule" - "FAU" - "Referat og møteinnkallingar. Sjekk kva di klasse skal bidra med. 09.05.2012
|
|
Skuleruta 2012-13 på nettSkuleruta for 2012-13 ligg under informasjon på heimesida her. Det er verd å merke seg at første skuledag etter sommaren er måndag 20. august. Lærarane starer ei veke før med planlegging. 06.05.2012
|
|
Flott forestilling av 7. klasseElevar og lærarane i 7. trinnet har framført eventyret "Tor og Loke Tor hos jotnene". Det vart ei flott framsyning der elevane framstilte ein versjon av den norrøne "Trymskvida", skildra på ein humoristisk og fin måte.
Les meir »
25.04.2012
|
|
Besøk frå ein arkeologMåndag var vi heldige og fekk besøk av arkeolog Heidi Haugene. Ho fortalde om korleis ein arkeolog jobbar, og vi fekk høyre om funn som er gjort i Giske kommune. Vi fekk óg sjå gjenstandar dei har funne. Dette var veldig spennande og interessant for både ungar og vaksne. Tusen takk, Heidi! 24.04.2012
|
|
Lag kryssord i undervisningaPuzzlemaker er ei engelsk side der du lett kan lage kryssord. Alt eleven treng å gjere er å legge inn orda, så blir kryssordet generert automatisk.
Lenke til kryssordmakaren ligg under "Pedagosiske program" og er sjølvsagt gratis.
Les meir »
25.03.2012
|
|
2. klasse i EirikskogenI dag har 2.trinnet hatt uteskule i Eirikskogen. Eirikskogen har blitt "verdas beste plass å vere" - sitat gut 2.klasse. Vi vart imponerte over alt det arbeidet vaktmesteren vår, Gunnar, og to medhjelparar, Arnold og Roar, hadde lagt ned. Det var mange spennande og kjekke aktivitetar elevane kunne vere med på. Her fekk dei trene både balanse, styrke og motorikk. Både store og små var storfornøgde! Vi har hatt ein alle tiders dag. 22.03.2012
|
|
Då er første rapport komen frå Stryn leirskuleLærarane skriv følgjande på trinnsidene: No nærmar leirskulen seg slutten og vi har hatt eit fantastisk opphold her i Stryn. Alle elevane har gjort store framskritt på ski og no kan alle både å svinge og plogecheeky.
Les meir »
08.03.2012
|
|
Valderøy barneskule blir mobilskule"Elevene digger det, foreldrene synes det er trygt, lærerne får mer tid og skolen sparer penger. " Dette skriv mobilskolen om seg sjølv på nettsida www.mobilskole.no
Les meir »
04.03.2012
|
|
Ny skule på ValderøyaVi har laga ei ny samleside som gjeld den nye skulen på Valderøya. Den ligg under informasjon - ny skule. Her vil du finne litt fakta og planar som er aktuelle. 28.02.2012
|
|
Skule i gamledagarFør vinterferien besøkte 3. klasse Solbakken skule på Vigra. Her fekk dei lære om korleis det var å gå på skule i "gamledagar".Elevane, som hadde kledd seg i klede anno 1920, fekk sy i knappar, prøve seg på strikking og skrive løkkeskrift med ekte blekkpennar. Dette var lærerikt og morosamt! 19.02.2012
|
|
Matematikkdag for 5. trinnetElevane i 5abc hadde matematikkdag 7. februar. Dei vart delt i grupper på tvers av klassene. Målet med dagen er å vise elevane at matematikk er spennande, utfordrande, gøy og variert.
Les meir »
07.02.2012
|
|
GlosetyggerenLag di eiga gloseliste, og send den som epost til bestefar! Veit han kva "mistenkeleg" er på engelsk?
Les meir »
31.01.2012
|
|
TiarvennElevane i 1. klasse skal lære om tal og tiarvenn. Det vil seie at alle tale frå 1-9 har ein venn som til saman blir ti. Dei syng og dramatiserer for å lære dette inn på fleire måtar. 24.01.2012
|
|
Skuleeigar skal betale datamaskinKunnskapsdepartementet slår fast at det er skuleeigar som skal betale datamaskina for elevar med særskilde lærevanskar, slik at dei får dei naudsynte hjelpemiddela dei treng.
Les meir »
10.01.2012
|
|
Praktisk matematikkElevane i 5. klasse har jobba med figurar og tangram i matematikken. Dei fekk lage kvart sitt bilete ved hjelp av puslebitane. Resultatet vart strålande! 10.01.2012
|
|
Sløyd i dusjenPå grunn av plassmangel har elevane i 5. klasse hatt sløyd i den gamle dusjen på skulen. Det er plass til 4-5 elevar om gongen, og dei har pussa og laga til brødfjøler. Den gamle, gode sløydsalen er blitt laga om til klasserom. 15.12.2011
|
|
Julebord for mellomstegetTradisjonen tru samla heile mellomsteget seg i gymsalen til julebord. Det var strålande lys, juletre og deilig mat. Og NRK kom for å filme julestjerna og songen. 14.12.2011
|
|
Flott morgonsamling av 3. klasseElevane i 3. klasse laga ei flott morgonsamling tysdag 13. desember. Det var songar og dramatisering som imponerte heile skulen. 14.12.2011
|
|
Toving i kunst og handverkElevane i 4. klasse lærer å tove ull. Sjå fleire bilete på trinnsida. 09.12.2011
|
|
Omvendt julekalendar1. desember starta mange av klassene med adventstund og julekalendar.
Les meir »
02.12.2011
|
|
|